Omslag_mellomalder
Pris:
349.00
Førpris: 399.00
ISBN:
9788282654906
Status:
Utgitt år:
2020
Sideantall:
320
Innbinding:
Innbundet
2
ISBN: 9788282654906
Status: Forventes utgitt 18.8.2020

Leidulf Melve

EI VERD I ENDRING

DEN GLOBALE MELLOMALDEREN 500–1500

Globaliseringa etter andre verdskrig var av eit anna omfang enn tidlegare, men det var ikkje noko nytt fenomen. Globalisering, forstått som aukande integrasjon og dei stadig større  verknadene av slik global integrasjon, kan sporast tilbake til dei tidlegaste sivilisasjonane. I nokre historiske epokar aukar globaliseringstakta. Ein av desse periodane er tida mellom 500 og 1500, som gjerne blir omtala som mellomalderen.

Gjennom utbygging av kommunikasjonar blir verda ført saman på nye måtar. Silkevegen, eit nettverk av vegar mellom Kina i aust og  Europa i vest, frakta ikkje berre handelsvarer, men òg teknologi, kultur, epidemiar og religionar. Buddhismen kan takke Silkevegen for den raske spreiinga frå sitt indiske opphav og austover til Kina, medan papir og prent reiste andre vegen – frå Kina innom den islamske verda og til Europa. Ved å ta tak i seks emne – kommunikasjon, økonomi,  religion, stats- og imperiedanning, urbanisering og lærdom – diskuterer Melve eit knippe grunnleggjande og samanvovne endringar som gjorde verda kring 1500 heilt ulik den verda som møter oss kring 500.

Dette er den første framstillinga på norsk som diskuterer mellomalderen i ljos av tankar og teoriar om globalisering.