Omslag
Pris:
299.00
Status:
Utgitt år:
2019
Innbinding:
Heftet
5

Jørn Øyrehagen Sunde (red.)

FORDOM OG FORVENTNING

EI HANDBOK I RETTSHISTORISK METODE

Tema for boka er kontekstualisering, omgrepshistorie, historisk kompara-sjon og intertekstuell lesing som metodiske grep ved bruk av rettshistoriske kjelder. Desse tema er handsama på bakgrunn av refleksjonane til åtte retts-historikarar rundt eigen metodebruk. Tanken er dei som skal gje seg i kast med eit rettshistorisk materiale skal kunna dra vekslar på dei erfaringar som er delt i denne boka. Difor har vi har valt å definera boka som ei handbok i rettshistorisk metode. For den er ikkje komplett gjennom å ta opp alle mogeleg fasettar ved rettshistorisk metode, og den er retta meir på praktisk bruk enn teoretisk refleksjon. 

Boka er mynta særleg på juristar og historikarar ved sida av rettshistorikarar, fordi den handsamar både utfordringa med å gripa det historiske og det rettseleg når ein skal få rettshistoriske kjelder i tale. Samstundes har alle forfattarane ein juridisk utdanningsbakgrunn, og boka handsamar klarare det historiske i det rettslege meir enn det rettslege i historia (utan at forskjellen alltid treng vera så stor).

Tema for dei ulike bidraga i boka er evig aktuelle, og boka kunne difor like gjerne ha vore gjeve ut for 30 år sidan som i dag. Men den teknologiske utviklinga gjev tema om kontekstualisering, omgrepshistorie, historisk komparasjon og intertekstuell lesing meir aktuelle. Dette fordi enorme mengder tekst no er tilgjengeleg digitalt, og kan enkelt søkjast i. Det gjer at ein lettare kan undersøkja og skapa ein kontekst, undersøkja omgrep, finna samanlikningsgrunnlag og lesa tekstbitar opp mot kvarandre. Det gjer det enno meir presserande å kjenna dei metodiske utfordringane. 

Tips en venn Skriv ut