Skirbekk
Status:

Skirbekk, Gunnar

Gunnar Skirbekk (f. 1937) tok magistergraden i filosofi ved Universitetet i Oslo i 1962 om Heidegger sin teori om sanning i eit kritisk perspektiv. Deretter flytta han vestover til Bergen og byrja som hjelpelærar ved Filosofisk institutt. Han vart professor i vitskapsfilosofi same stad i 1979. Skirbekk grunnla Senter for vitskapsteori i 1987. Ein viktig streng i arbeidet har vore arbeidet med å utvikla ein filosofisk tenkjemåte som kombinerer kontekstuelle og refleksive tenkjeformer. Kort sagt seier han sjølv at det er eit forsvar for ulike variantar av situert og forpliktande gyldigheit, med brodd mot (postmodernistisk) relativisme og (scientistisk) dogmatikk. Skirbekk har på norsk mellom anne gitt ut Nihilisme? (1958), Nymarxisme og kritisk dialektikk (1970), Ord (1984), Til djevelens forsvar og andre essay (1987), Vit og vitskap (1998), Den filosofiske uroa (2005), Norsk og moderne (2010), og Filosofihistorie, saman med Nils Gilje (8. utg. 2007).