1000 år med norsk rettshistorie_forside
Pris:
393.00
Førpris: 449.00
ISBN:
9788282655903
Status:
Utgitt år:
2023
Innbinding:
Innbundet
5
ISBN: 9788282655903
Status: I salg

Jørn Øyrehagen Sunde

1000 ÅR MED NORSK RETTSHISTORIE

EI ANNLEIS NOREGSHISTORIE OM RETT, KOMMUNIKASJONSTEKNOLOGI, HISTORISK ENDRING OG RETTSSTAT

Korleis vert det norske rettssystemet endra av kunstig intelligens?

Svaret ligg i historia.

1000 år med norsk rettshistorie viser korleis norsk rett har vorte endra av ny kommunikasjonsteknologi det siste millenniet. Retten gjekk frå å vera munnleg til skriftleg på 1100- og 1200-talet, og den handskrivne retten vart erstatta av trykt rett på 1600- og 1700-talet. Frå 1983 vart norsk rett digitalisert. Det vil seia at lover, høgsterettsdommar og juridisk litteratur vert søkte opp på internett og lesne på ein datamaskin. Digitaliseringa av norsk rett har no kome så langt at sjølv grunnleggjande strukturar som rettferdsidealet og juridisk metode er i endring. Difor står rettsstaten overfor like store utfordringar i dag som då kommunikasjonsteknologien endra seg med skriven og trykt rett.

I denne situasjonen må vi læra av historia, ikkje minst korleis rettstryggleik og rettsstaten kan sikrast. For den nye kommunikasjonsteknologien kan gjera retten både undertrykkjande og frigjerande, alt etter kva val vi tek i åra som kjem.

«Det blir tydeleg at vi enno ikkje helt veit kva herrar digitaliseringa av retten opnar for. Den som les 1000 år med norsk rettshistorie, vil likevel ikkje berre få ei betre forståing av historia, men òg vere betre rusta til å kjempe for å ta vare på dei rettsstatsstrukturane som har vakse fram gjennom ei 1000 år lang rettshistorie. Så det er berre å håpe at boka får så mange lesere som råd.»

Sverre Flaaten, DAG OG TID