Reidar Almås
Status:

Almås, Reidar

Reidar Almås er fødd i 1943 på Hølonda i Melhus kommune, der han vaks opp og flytta tilbake til med kone og to barn i 1974. Almås er sosiolog frå Universitetet i Bergen og vart dr. philos på ei avhandling om samdrift i jordbruket. Almås vart kjent for støttearbeidet for Hitra-aksjonen i 1975. Han har vore professor i bygdesosiologi og regionalpolitikk ved NTNU i Trondheim, der han bygde opp Norsk senter for bygdeforskning, noverande Ruralis. Almås har gjeve ut meir enn 20 bøker og er ein landskjent foredragshaldar og samfunnsdebattant. For sin innsats som bygdesosiolog fekk han i 2011 St. Olavs orden. Almås er no seniorforskar ved Ruralis og driv saman med kona Sissel kulturhuset Jårheim og besøkstårnet Tårnheim.

Foto: Odd Roger K. Langørgen