Globalhistografi_200x279
Pris:
399.00
ISBN:
9788282651189
Status:
Utgitt år:
2015
Sideantall:
466
Innbinding:
Innbundet
5
ISBN: 9788282651189
Utgivelsesår: 2014
Status: I salg
Innbinding: ib
Materiell

Leidulf Melve

GLOBAL HISTORIOGRAFI

HISTORIE OG HISTORIESKRIVING FRÅ DEI ELDSTE TIDER TIL I DAG

«Bergensprofessor har skrive eit lærd verk om ikkje-vestlege historietradisjonar. [...] eit imponerande forsøk på å utvida perspektivet vårt i tid og rom. [...] eit banebrytande arbeid.»

Tom Hetland, BERGENS TIDENDE

Den tidlegaste historieskrivinga går tilbake til 3000 år f.Kr. og oppstod i Mesopotamia og Egypt. Noko seinare dukkar historieskriving opp i Kina og India. Denne tidlege historieskrivinga var mangfaldig: innskrifter, episke dikt, årstalslister og ulike former for epigrafikk formidla ei rekkje historiesyn. Frå slike utgangspunkt diskuterer boka historie og historieskriving frå dei eldste tider til i dag.

Perspektivet er globalt og tilnærminga er komparativ. Likskaper og skilnader mellom dei viktigaste historiografiske kulturane blir diskuterte, samstundes som blikket også er retta mot dei lange linene – mot utviklinga av historie og historieskriving. Finst det felles trekk ved historieskriving i eit globalt perspektiv? Er det mogeleg å tale om globale vendepunkt?

Slike spørsmål blir særleg interessante ved at historiografiske kulturar – frå Latinamerika i vest til Kina i aust – berre i liten grad var i kontakt før etter 1500, og for alvor først etter 1800. I kjølvatnet av kolonisering og aukande globalisering blir europeisk historieskriving og historiesyn utgangspunktet for global transkulturell utveksling. Boka diskuterer og samanliknar denne transkulturelle utvekslinga, med ei særleg vekt på korleis eldre former for historieskriving gjekk i dialog med nye uttrykk og historiesyn. Dialogen krinsa særleg kring det nasjonale – frå latinamerika etter oppløysinga koloniriker på 1800-talet til bruken av historie for nasjonsbyggjande føremål i Afrika etter avkoloniseringa i kjølvatnet av andre verdskrig.

«Det er bare rett og rimelig at historikere er opptatt av sitt eget fags historie, og de har da også skrevet mange bøker om den. Men denne boken kan jeg ikke huske at jeg har sett maken til. Den er rett og slett en egen historisk begivenhet – i historien om historiefagets historie. Og boken er norsk, skrevet av Leidulf Melve, middelalderhistoriker og professor ved Universitetet i Bergen. [...] Melves løsning på det eurosentriske dilemaet er dramatisk og fascinerende: Han skriver ikke om den vestlige tradisjonen, men om så og si alt annet. [...] Kjernen er det overdådige mangfoldet: Det er lukken ved viten og ved det konkrete som gjør Leidulf Melves Globalhistoriografi til en begivenhet.»

Erling S. Sandmo, MORGENBLADET

Forfatter(e)