Landslova_forside
Pris:
393.00
Førpris: 449.00
ISBN:
9788282656610
Status:
Utgitt år:
2023
Sideantall:
320
Innbinding:
Innbundet
5
ISBN: 9788282656610
Status: I salg

Else Mundal, Erik Opsahl, Jørn Øyrehagen Sunde og Miriam Tveit (red.)

LANDSLOVA AV 1274

RETT, POLITIKK OG SAMFUNN I NORSK MELLOMALDER

Kong Magnus Lagabøters landslov av 1274 er eit storverk i norsk og  europeisk rettshistorie. Ho var den fyrste riksdekkjande lovboka i Noreg, og éi av fire riksdekkjande lovverk i europeisk mellomalder.

Landslova var vidare ein del av eit omfattande lovgjevingsprosjekt som òg inkluderte Bylova av 1276, Hirdskrå frå 1270-talet og den islandske lovboka Jónsbók av 1281. Enno viktigare er at ho vart nytta, noko ein kan sjå av bevart rettspraksis frå både mellomalderen og 1500- og 1600-talet. Nesten ein firedel av alle bevarte manuskript på norrønt fram til 1350 inneheld Landslova.

I denne boka vert difor Landslova, saman med Bylova og Sauebrevet for Færøyane, utforska. Mange av våre fremste mellomalderforskarar har valt seg ein regel som dei brukar som utgangspunkt for å utforska rett, politikk og samfunn. Samla vert det i boka teikna eit breitt og fargerikt bilete av norsk mellomalder.

Else Mundal (f. 1944) er professor emerita i norrøn filologi ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske fag ved Universitetet i Bergen.

Erik Opsahl (f. 1960) er professor ved Institutt for historiske og klassiske studier på NTNU.

Jørn Øyrehagen Sunde (f. 1972) er professor i rettshistorie ved Institutt for offentleg rett på Universitetet i Oslo, og forskar ved Nasjonalbiblioteket.

Miriam Tveit (f. 1979) er fyrsteamanuensis ved Fakultet for Samfunnsvitskap på Nord Universitet.