Skal landet gro att copy
Pris:
262.00
Førpris: 299.00
ISBN:
9788282651318
Status:
Utgitt år:
2015
Sideantall:
205
Innbinding:
Innbundet
5
ISBN: 9788282651318
Status: I salg

Siri Helle

SKAL LANDET GRO ATT?

KORLEIS BERGE NORSK JORDBRUK

«[...] den perfekte boka for deg som vil skjønne meir av jordbruksdebatten og alle argumenta og påstandane om kva som er og ikkje er berekraftig matproduksjon. [...] Skal landet gro att gjer deg klokare uansett om du er erfaren eller nybegynnar. [...] Saman med En nasjon av kjøtthuer av Svenn Arne Lie og Espen Løkeland Stai, representerer boka ei heilt nødvendig pensumliste for å skjønne ein jordbruksdebatt [...]»

Gaute Eiterjord, MILJØMAGASINET PUTSJ

Kvifor skal vi ha jordbruk i Noreg? I eit land av stein og fjell, kor regnet slåst med nordavinden, vi har blitt vane med fem veker ferie og ei lønsutbetaling som kjøper oss fri frå den strevsame vegen mellom jord og bord? Kvifor skal vi fø på bønder som produserer den dyraste maten i verda, når verda står i kø for å selje produkta sine til landet med alle oljepengane?

Fordi alle må bidra med mat til ei veksande verd. Og fordi norsk jordbruk har potensial til å bli ikkje berre bra, men best – men då må det ei reell kursendring til.

Alle vil ha norsk mat produsert på norske ressursar. Likevel vert matproduksjonen vår meir og meir basert på import. 70 år med vekst- og volumpolitikk har gitt oss eit svakt jordbruk med liten forankring i norsk jord.

Norsk jordbrukspolitikk går i feil retning, men det er framleis mogleg å snu. Denne boka syner korleis det vi har i Noreg – fjell, gras og store variasjonar – gjev oss eit jordbruk som er både berekraftig, mettande, smakfullt og lønsamt.

Korleis vi driv jordbruk i Noreg er ikkje berre eit spørsmål for bønder og byråkratar. Det er eit spørsmål for alle som bryr seg om kva mat vi et, korleis landet vårt skal sjå ut og kva rolle Noreg spelar i verda.

«[...] et ektefølt og solid forsvarsskrift for norsk landbruk. [...] Skal landet gro att? engasjerer og er skrevet med overskudd og humor.»

Torgeir Mortensen, UNIVERSITAS

Forfatter(e)