Farlege språk_FORSIDE
Pris:
399.00
ISBN:
9788282657143
Status:
Utgitt år:
2024
Innbinding:
Innbundet
5
ISBN: 9788282657143
Status: I salg

Ottar Grepstad

FARLEGE SPRÅK

HISTORISK LESEBOK OM SPRÅKKONFLIKTAR

Ei tenåringsjente i Soweto såg politiet drepe fredelege studentar som avviste koloniseringsspråket afrikaans. Ein prest i Cornwall hang tre år i sitt eige kyrkjetårn fordi han støtta eit språkopprør mot den engelske kyrkja. Ein dansk konge innførte eit prinsipp som blei grunnlaget for norsk språkpolitikk.

Farlege språk er ei historisk lesebok om korleis språkkonfliktar oppstår, kor farlege dei kan vere, og korleis dei kan løysast. Ottar Grepstad møter augevitne på fleire kontinent, les bortgøymde dokument på ny og fortel andre historier enn dei vanlege om store konfliktar i verdshistoria. Forfattaren utviklar ei ny forståing av identitetspolitikk, diskuterer problemet mangfald og viser korleis retten til å bruke eige språk handlar om makt, demokrati og respekt for mindretal.

Boka opnar med den enkle tanken at språkstrid har vore med og lært nordmenn å løyse kulturelle konfliktar utan vald. Når boka sluttar, har både forfattaren og lesarane fått mykje å tenkje på. Ei slik bok har aldri vore skriven på norsk før. Neppe på noko anna språk heller.


Terningkast5 copy_40x41.jpg «Grepstads sju eksempler er fascinerende lesning, ikke minst på grunn av det historiske, geografiske og kulturelle spennet.»
Sven Egil Omdal, Stavanger Aftenblad

«Ein lesar av Grepstad er dømd til å lære noko nytt, nærast frå side til side … Farlege språk er enden på arbeidet hans om språk og samfunn, skriv Ottar Grepstad. I så fall er det berre å takke. Eit stort arbeid er da til endes ført.»
Arild Bye, Dag og Tid

«… en imponerende skildring av internasjonale språkkonflikter … Blant bokas viktige funn er dette: Motsetninger mellom språk kan være en vel så sterk forklaring på voldelige konflikter som religion… Farlege språk [er] en bok som kombinerer verbalt sprengstoff til debatter med solid kunnskap for å forstå språkkonflikter bedre.»
Tom Egil Hverven, Klassekampen