Kornboka_omslag.indd
Pris:
393.00
Førpris: 449.00
ISBN:
9788282655149
Status:
Utgitt år:
2021
Sideantall:
352
Innbinding:
Innbundet
5
ISBN: 9788282655149
Status: I salg

Åsmund Bjørnstad

KORNBOKA

BRØDETS OG ØLETS HISTORIE

«[…] Åsmund Bjørnstads bok om kornets opphav, genetiske sammensetning, næringsinnhold, bruksmåter og plass i vår historie er storslått kunnskapsformidling. Samtidig er det er praktverk med et vell av fotografier, malerier, kart, stamtavler og detaljerte tegninger, alt i et sjenerøst format. Tidvis blir vi også underholdt, særlig med sprelske mellomtitler og referanser til alle ord og begreper som har med korn, brød og øl å gjøre. […] Det er sjelden ei bok har så stort historisk spenn og så vide geografiske perspektiver. […] ‘Kornboka’ gir oss både detaljkunnskaper og store linjer, og understreker hvor fruktbart det er å trekke på et mangfold av disipliner. Her møter vi alt fra genforskning, ernæringsfysiologi og insektlære til arkeologi, geopolitikk og historie. Vi overbevises lett om at slik krysspollinering er langt mer fruktbart enn akademisk monokultur, som ofte er steril og kaster lite av seg. Da er det noe annet med en hybrid mellom spesialisert forskning og formidling til en breiere leserkrets.»

Tore Linné Eriksen, KLASSEKAMPEN

Boka tar for seg korleis historia til kornet er vevd inn i sivilisasjonane som har bygd på det, fram til i dag. Biologiske eigenskapar og mutasjonar vi har møtt på tallerken og i gryta, er evolusjonsbiologi god som nokon. Dei finst i språket, i religion og kultur, i forskjellar mellom samfunn og i global politikk i dag. Dei stivelsesrike grasfrøa vi har levd av i tusenvis av år, vil vi òg avhenge av framover – men korleis?

Folk har sanka korn i titusenvis av år – men for 10–12 000 år sidan tok dei til å temme det – først i Midtausten, snart etter i Kina, så Mellom-Amerika, Afrika og India. Dei blei, liksom husdyra, genetisk endra til eit liv i fangenskap. Dei kunne rømme igjen, men ikkje menneska, fordi dei raskt blei fleire. Fordi kornet var haldbart i årevis, blei kornlagera verdas første pengar og kapital og grunnlag for klassesamfunn. Alle kornsamfunn utvikla derfor skriftspråk og talsystem. I Kina og Afrika blei kornet kokt, i Midtausten male til mjøl og bakt til brød. Alle kunne når som helst brygge øl av det.

Det siste tiåret har DNA-sekvensering klarlagt mange av gena som temma kveite, ris, mais og andre kornartar. Somme mutasjonar, som aroma i basmati-ris, skjedde ein gong og spreidde seg til jasmin-ris. Andre eigenskapar har oppstått fleire gonger. Saman med ny arkeologi trer dei mange kornhistoriene nå fram.

Kornets biologiske historie er vår mathistorie. Rikdomen på mutasjonar gjorde mogleg mangedoblinga i kornproduksjonen i løpet av 1900-talet. Trass i ei tredobling av folketalet fall kornprisen kontinuerleg, bortsett frå under verdskrigane og ei børsboble i 1973. Ingen hundreår før har sett ei slik utvikling. Kornet mettar dei sju milliardane i dag, men kan det òg mette ti? Må vi ete meir korn, heller enn å fø opp stadig fleire husdyr? Og er det sunt for oss? Frå å vera eit symbol på overflod, feira på tallause myntar og frimerke, blir korn – særleg kveite – nå klandra for sjukdomar som cøliaki, diabetes og fedme. Samtidig vil mange ha «ekte» urkorn. Finst dei, og var dei betre? Kanskje ligg svara i denne boka… 

Boka følgjer også ølet frå dei tidlegste bobler.

«No har professor emeritus Åsmund Bjørnstad (fødd 1951) spandert på oss ei praktbok om korn og brød. Han skreiv også både i 2005 og 2010 bøker ut frå same tema. Denne nye boka er oppdatert med det siste innan genetikk, forsking og arkeologi, og her er rikeleg også med kultur og kunst som handlar om korn og brød. […] Alt saman er gjennomillustrert, med grafar, teikningar, relieff, fotografi. Med smakfull layout, og i stort format. Det er nesten så ein kjenner den gode eimen av nysteikt brød... Og kanskje kjem boka i veldig rett tid, medan me ‘alle’ er opptekne av den grøne bølga, av økologiske produkt, av kortreist mat, av både norsk og internasjonalt landbruk. Bjørnstad spør mellom anna om me kan tilpassa plantene til klimaendringane.»

Paul Odland, DAGEN

Forfatter(e)